|
|
Tilstades var 6 medlemmer:
Kenneth Fiskå, Bjørn Tore Rotabakk, Øyvind Asbjørnsen, Kjell Færestrand og Øystein Raknes, Bjarne Sortland.
Følgjande saker blei handsama:
1. Godkjenning av stemmer
Dei 6 som var tilstades var alle medlemmer i klubben, og kontingentar var betalt.
2. Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
Innkallinga blei godkjent, men det blei presisert at Styret måtte sjå til at alle formalitetar vert fylgt ved framtidige innkallingar til årsmøte.
Saklista som vert fylgt i møtet, er slik dette går fram i klubben sine Lover og reglar.
3. Val av dirigent, sekretær, samt 2 til å underteikne protokollen
Bjarne vart valt til dirigent og sekretær, og Kjell og Bjørn Tore vil gjennomgå og teikne protokollen.
4. Handsame RPGK si årsmelding
Styret si årsmelding for 2009 blei lese opp i møtet.
Det blei påpeika at dei tal som var tatt inn i årsmeldinga på medlemmer i klubben historisk, ikkje var korrekte.
Årsmøtet tok denne til etterretning.
5. Handsame RPGK sitt rekneskap, i revidert stand
Regnskapet var mottatt, og dette viste eit overskot for 2009 på kr 2.929,-.
Ved nyttår var det kr 21.000 i banken på klubben sin konto.
Regnskapet var ennå ikkje revidert.
Årsmøtet godkjente regnskapet, under den føresetnad at revisor gjennomgår regnskapet og legg fram ein revisorrapport til Styret.
6. Handsame innkomne forslag og saker
Det var kome eitt forslag til slik sak:
Samanslåing med JHPGK.
Etter ein brei og god debatt omkring dette, fatta årsmøtet følgjande einstemmige vedtak:
Styret vert bede om å invitere JHPGK til drøftingar omkring eit nærare samarbeid, samt ein eventuell samanslåing av klubbane.
Styret skal peike ut to av sine representantar til å foreta slike samtalar.
Styret skal i forkant av neste ordinære årsmøte i RPGK i februar 2011 leggje fram ei innstilling omkring dette.
7. Fastsetting av medlemskontingenten
Årskontingenten til klubben vert uforandra.
8. Vedta RPGK sitt budsjett
Det var ikkje mottatt noko budsjettforslag frå Styret.
Budsjettet for 2010 vart delegert til Styret.
9. Val
Leiar: Kenneth Fiskå ny
Nestleiar: Bjørn Tore Rotabakk ny
Styremedlemmer:
Øyvind Asbjørnsen (ikkje på val)
Arvid Lura (ikkje på val)
Stig Arvid Alsvik (ikkje på val) - kasserar
Bjarne Sortland ny - sekretær
Varamann: Per Haugstad ny
Fagleg leiar: Kjell Færestrand
Skolesjef: Nicolay Gausel Olsen
2 revisorar: Kjell Færestrand og Øystein Raknes
Samtlege val var einstemmige.
10. Representantar til ting og møte
Formannen og fagleg ansvarleg skal representere klubben, om ikkje Styret fastset annan løysing.
11. Val komité
Årsmøte valte følgjande til RPGK sin valkomité:
Kåre Brekke (leiar), Kjell Færestrand og Nicolay Gausel Olsen, med Per Haugstad som varamann.
------------------------------- -----------------------------------
Kjell Færestrand (sign) Bjørn Tore Rotabakk (sign)
|